tirsdag 7. september 2010

Stykket Frykten!

Frykten




Frykten er eit teaterstykke som spelast på Rogaland Teater hausen 2010. Teaterskykket handlar om fire stortingsrepresentantar som er på ei hytte langt vekk frå sivilisasjonen for å få gode idear til ein tale statsministaren skal halde for folket. Klimaendringane er store, og folket forventer at regjeringa gjer noko for å forhindre det som skjer.



Fuglane kjenner på seg at noko er gale, derfor angrip de menneksa når det er overskya. Fuglane øydelegg straumkablar, telefonnett og hakkar folk til døde. Dette er ein måte å vise at om me ikkje gjer noko straks, kan det komme ubehagelege konsekvensar. Då kjem eg til spørsmålet, er dette et relevant stykke?



Stykket kan vera relevant til ei viss grad. Gjer me ikkje noko for å redde miljøet no, kan der vera fo seint. Me må tenkja på generasjonane som kjem etter oss, og ikkje berre tenke på oss sjølve.



Stykket viser også skilnad på statsrepresentantane. Statsministaren er ein mann med tydelege og oppnåelege mål. Hans politiske hjertebarn er miljøpolitikken og er villeg til å satse alt, inkludert sin popularitet på å få saka si gjennom. Han har med seg sekretæren sin, forsvarsministeren og hans sekretær som rådgjevarar på hytta.



Forsvarsministeren er en maktsyk mann som er ein evig nummer to. Han gjer alt i si makt for å få statsministaren til å gå av, slik at han kan overta makta. Han klarer å få sekretærane med på sitt lag for å motarbeide statsministaren slik at han kan risikere å måtte gå av.



Dette er skilnaden på ”rett” og ”gale”. Kva meinar ein er rett? Kva er gale? Det er menneske som vil seie at naturkatastrofene er ein heilt naturleg del av jorda vi bur på. Me har hatt både varmare og kaldare tider. Andre meinar at klimaendringane er menneske skapte, og at det går an å bremse litt ned på skadene.



”Elsk din neste” står det i bibelen. Dette budet blir dratt indirekte med i stykket. Statsministaren er fast bestemt på å gjera det beste for dei neste generasjonane, at me kanskje må gå gjennom litt haradre tider, slik at barnebarna våre kan ha ei god framtid.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar