søndag 5. september 2010

Nynorsk tekst, arva frå antikken..

Arva frå antikken

Antikken, Romerrikets tid. Den tida då Julius Cæsar, og seinare adoptivsonen hans Augustus regjerte Romerriket til makta og grunnla det me i dag kallar Antikken.


Antikken var ein tidsperiode som var mykje prega av vold og kriging mot andre statar og borgerkrigar innad i landet. Antikken er bygd opp frå gresk og romersk kultur frå ca. 700 f.kr til ca. 395 e.kr.

Antikken var grunnlegjande for kultur og handlingar me enno gjer den dag i dag. Til dømes kunst, alfabetet og religion. Jesus levde under Antikken og skapte Kristendommen. Kristendommen spreidde seg som ild i tørt gras og etter ca 200 år var kristendommen representert over heile sør-Europa.

I Antikken hadde dei offentlege avrettingar som underholdning, dette sit enno iatt som ein trussel mot kriminalitet nokon plassar i austen, med offentlege avrettingar og steining. I romerriket byrja dei også med teater som enno er veldig attraktivt.

I Antikken blei styremåtane demokrati og republikk grunnlagde. Romerane dreiv med ein form for republikk som ikkje er heilt lik den me har i dag, alle frie menn hadde rett til å stemme eller melde seg inn som embetsmenn og bli valt inn i senatet.

Den greske formen for demokrati er noko me i dag kallar dikete demokrati. Det vil seie at kvar enkelt borgar kunne vera med å stemme på kvar sak som var oppe i senatet. I dag har me indirekte demokrati som vil seie at me velg representantar som tar beslutningar på folket sine vegne.

Veldferdsamfunnet byrja å ta form. Egyptarane hadde lenge hatt rikdom, men skiladen på fattig og rik var veldig stor. Under antikken byrja staten å lage ordningar slik at alle skulle få mat og husly.

Noreg har teke med seg mykje frå antikken til dagen i dag. Me har eit flott fungerande velferdsystem der alle som treng hjelp kan få det. Utdanning og sjukehus er gratis, og politi og brannmenn hjelper alle som treng det. Demokratiet har me laga ei eigen utgååve av, som passer oss best.

Måla bilete frå antikken

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar